Vimeo
 

Seljord IL er eit fleiridrettslag stifta i 1902 og har i dag 525 medlemar. Aktivitetane i laget er fotball, handball, ski, skiskyting, riding, friidrett og Allidrett. Seljord IL har dei siste åra investert over 20 mill.kr i eit fantastisk ski-, aktivitet- og friluftsanlegg i Raudkleiv og ein heilt ny kunstgrasbane med nytt friidrettsanlegg på Eventyrøy. Seljord IL har i år 40 åsjubileum med matsal under Dyrskun og som i alle desse åra har vore «livsnerva» for aktivitetane i laget. I 2016 var det 850 mann i sving med matsal for Seljord IL dei 3 Dyrskudagane. Dette utgjer totalt over 5000 dugnadstimar inkludert 2000 timar som vi må leige inn frå andre lag i øvre Telemark. Å auke andelen av våre eigne medlemar til Dyrskudugnaden for Seljord IL vil i år vere eit satsingsområde for laget.