Det nærmar seg Dyrsku (14, 15, 16 sept. + før og etter arbeid) og Seljord Idrettslag er i full gang med å førebu matsalet som tidlegare år. Vi er svært glade for at du har sagt ja til å arbeide dugnad under Dyrsku`n. Det er denne innsatsen som gjer det mogeleg å halde i gang aktivitetar som barneidrett, fotball, handball, friidrett, skikarusell, ridegruppe m.m.

Alle aktive SIL-medlemar mellom 11 og 13 år, er sett opp på ryddevakt eller hamburgarpakking 3 til 4 timar alle tre dagane. Aktive frå 14 til 16 år er sett opp på 2 vakter, der den eine går til inntekt for undergruppa. På heimesida vår finn du oppdatert vaktliste som viser kva for tid du er sett opp.

 

OPPMØTE PÅ DYRSKUPLASSEN

Hugs at det kan vera kø både på vegen og inne på plassen. Ver ute i god tid!

  1. Eigen parkering for dei som skal jobbe dugnad finn du på jordet nede ved Bygdaråi mot Norbygdi (sjå vedlagt kart). Der får du parkere gratis ved å vise til vaktlista.
  2. Møt opp på brakka som står på utsida av Dyrsku`n sitt administrasjonsbygg Storstogo (sjå vedlagt kart) for å registrere deg før dugnadsvakta. Der vil du bli mottatt av vakter som slepp deg gratis inn på Dyrskuplassen ved at du viser til vaktlista.
  3. Etterpå går du til personalmottaket til Seljord IL (sjå vedlagt kart) som ligg bak hovudmatutsalet. Der vil du bli sjekka inn og får tildelt arbeidsantrekk og ei innføring i jobben du skal utføre.

 

Dersom vakta du er sett opp på, ikkje er i samsvar med tidlegare avtalt eller om det har kome hindringar av noko slag, ber vi deg ta kontakt med underteikna innan måndag 27. august.

 

NB! På heimesida vår seljordidrettslag.no finn du ajourførte vaktlister og anna aktuell info.

Seljord 20. august 2018
 
Helsing

Seljord IL v.Tellef Solås

Mobil: 918 96 135

Epost: post@seljordidrettslag.no

 

Vel møtt til travle dagar J