Allidretten i Seljord IL vil ha eit variert aktivitetstilbod utover heile året. Tanken med Allidrett er å gje alle eit godt fundament for fysisk aktivitet og sosial omgang i eit trygt miljø. Allidretten er ikkje spissa, så her vil det bli mange type aktivietar, kurs og samlingar. Fotball, handball, ski, ridning og friidrett kan derfor fint kombinerast med Allidrett. For at du skal forstå Allidrretten betre, så gå inn på sidene om dette på NIF: Allidrett for barn 6-12 år

Det vil bli mange forskjellige instruktørar og kursholdarar, som vil trenge dette. Aktivitetane blir alt frå dansekurs, orientering, bogeskyting, terrengsykling, tennisfotball, friidrett, naturløyper, motorsport o.l. Alle aktivitetar er ikkje for alle, men det skal være noko til alle i løpet av sesongen. Så, du kan melde deg på akuratt det du sjølv måtte like. Det kostar bare 100,- per år å drive med Allidrett i SIL

Er du ikkje medlem av Seljord idrettslag, så kan du melde deg inn her: https://medlemskap.nif.no/23501

Aktivitetar for barn 6-12 år:
(søsken under 6 år kan bli med)

Januar-Februar 2024 (8,15,22,29. jan. 5.12. feb)
Skikarusell i Raudkleiv
Oppmøte ved klubbhuset på toppen