Seljord Idrettslag

Seljord Idrettslag er eit fleiridrettslag med djupe røter i bygda og eit blikk retta mot framtida. I dag samlar idrettslaget rundt 500 medlemar i eit variert og inkluderande aktivitetstilbod for både barn, ungdom og vaksne. Gjennom 4 aktive undergrupper – fotball, handball, ski og riding – legg vi til rette for idrettsglede, meistring og gode opplevingar året rundt. I tillegg har vi Allidrett for born og unge med symjing, riding, skikarusell og friidrett.

Vi er stolte av dei moderne og funksjonelle anlegga vi har bygd i Seljord. På Eventyrøy ligg eit innbydande område for fotball, friidrett. Padelbanar, treningsapparat og Eventyrøy aktivitetspark med badstoge, park, gapahuk og klatresrativ. I Raudkleiv tilbyr me på alpine utfordringar i slalåmbakken og gode løyper for både ski og skiskyting. I Granvin finn ein hall og fasilitetar som styrkjer handballen og fleire innandørs aktivitetar. 

For Seljord IL har det alltid vore viktig at økonomien ikkje skal stå i vegen for deltaking. Difor har vi gjennom fleire tiår lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å sikre låg trenings- og medlemsavgift, slik at flest mogleg skal kunne vere med. Eit sentralt bidrag er matsalet under Dyrskun – ein tradisjon og ei stor felles arbeidsoppgåve som idrettslaget har hatt ansvar for i snart 50 år. Dette har vore ei avgjerande inntektskjelde, og ein sosial møteplass der mange har lagt ned time på time med frivillig innsats.

I 2025 er Seljord Idrettslag framleis ein puls i lokalsamfunnet. Vi arbeider for trygge og gode fritidsarenaer, der unge utøvarar får moglegheita til å utvikle seg – ikkje berre som idrettsfolk, men som venner og medspelarar i eit fellesskap som varer. Saman med foreldre, trenarar, frivillige og gode samarbeidspartnarar held vi fram med å styrkje idretten i bygda og skape aktivitet, engasjement og stoltheit for Seljord.


Sparebanken DIN - Dyrskun Arrangement AS - Byggmakker Seljord Elektriske - Meny Seljord - Intersport Seljord - Hovden Hytteservice AS - Alf Johansen AS - Toyota Seljord - Vest-Telemark synssenter - Dyrud Elektro AS - Seljord Rekneskapsservice AS - Sweco Seljord - Holte & Haaland Bilvaskeutstyr AS - Bo-Senteret AS -  Aasmundsen Bakeri - Circle-K Seljord - Seljord Varmeservice

Seljord IL Aktuelt

Skikarusell og Skileik

Category: Idrett

Jan 23, 2026

Skikarusell og Skileik

Pause i vinterferien. Bli med på Skikarusellen på måndagar kl 17.45 og Skileiken på torsdagar kl 18.00 i Raudkleiv. Alle born velkomne. 

Årsmøte i Seljord IL 2026

Årsmøte i Seljord IL 2026

på Eventyrøy tysdag 24. februar kl. 19.00.
Innkomne saker må sendast til: post@seljordidrettslag.no innan 17. februar.
Sakliste og saksdokument blir lagt ut på heimesida: seljordidrettslag.no seinast . februar.
Alle medlemer i Seljord idrettslag er velkomne. 

Årsmøtedokument:

1. Innkalling til Årsmøte 24. februar 2026 kl 19.00

2. Årsrapport 2025 - Seljord idrettslag

3. Årsregnskap 2025 - Seljord idrettslag

4. Melding frå kontrollkomiteet

5. Revisjonsmelding 2025

6. Klubbhandbok i Seljord IL 2026

Me åpner bakken i Raudkleiv

Category: Idrett

Me åpner bakken i Raudkleiv

Akkurat nok snø til å kunne tråkke fin bakke til vinterferien  

Åpningstider i vinterferien:
Onsdag kl 11 - 16
Torsdag kl 11 - 16
Lørdag kl 11 - 16
Søndag kl 11 - 16