Stevne og løp 2020/2021

For å gjere det lettare for utøvarar å melde seg på konkurransar framover, så lagar me ei liste med anbefalingar med link til påmelding. Er du over 13 år og vil være med på godkjente stevne må du ha lisens. Det kan du få tak på her: https://mosjon.friidrett.no/lisens2020

Løp:

31.12.2020 - Nyttårstrimmen - Mosjonsløp/Trim - 11 til 80+ år - Porsgrunn/Skien - Påmelding/info 

 

Stevne:

21.11.2020 - Tyrving Inndor G/J 10-11 - Bærum - Påmelding/info
60m, 600m, Kule, Lengde satssone
21.11.2020 - Tyrving Inndor G/J 12-14 - Bærum - Påmelding/info
60m, 600m, Kule, Lengde satssone
21.11.2020 - Tyrving Inndor G/J 15-17 - Bærum - Påmelding/info
60m hekk, 100m, 1500m, Høyde, Kule, Lengde 

Styret 2020

Styreleiar: Hans Inge Hagen
Nestleiar: Inge Nilsen 
Styremedlem: Borgar Sørensen
Styremedlem: Irina Telnes

Trening

Det blir drive felles trening for alle barn fra 4 år og oppover i sommarsesongen. Friidrett for born er nå ein del av Barneidretten i SIL.

For ungdom, så driv vi i friidrettsgruppa individuell trening (eller med små grupper) etter kva ein driv med. Foreldre, foresatte og mentorar har ansvaret for dette. Det er ofte felles individuell trening på friidrettsbanen, nå det er mogelegheit for det om sommar/haust. Ein kan også benytte seg av hallen på Granvin på fredagane .. da kun for individuell trening; styrke, basis o.l. (ikkje ball eller lagspel).

Er du interesert i å vite meir om friidrett i Seljord? Ta kontakt med ein i styret.

Har du lyst til å drive med friidrett?



Seljord idrettslag og friidrettsgruppa er i medvind for tida. Me har fleire utøvarar, som nå viser seg fram på nasjonalt nivå. Det er for oss veldig gledeleg. Me vil nå kartlegge om det er fleire som har lyst til å satse på ei grein eller to på friidrettsarenaen. 

Er du over 10 år og interesert i å konkurrere i friidrett, send ei melding på epost (hansingehagen@me.com) eller på sms (95065738)

(Born opp til 12 år vil ha eiga friidrettstrening på onsdagar)

mvh

Hans Inge Hagen
Ledar friidrettsgruppa i SIL