Fotball i Seljord IL

SIL har normalt lag i alle klassar frå G8–G16 og J8–J17. 6-åringar har eit treningstilbod og moglegheit for 3-ar fotball. Vi har også eit dame 7-ar lag og eit A-lag herrar i 6. divisjon.

Fotballgruppa har ca. 200 medlemmer, der omtrent 160 spelar på aldersbestemt og resten spelar på seniornivå.

Vi jobbar kontinuerleg med kompetanseheving i alle ledd, med eit spesielt fokus på trenarutdanning i alle aldersklassane.

Vi legg stor vekt på det sosiale, og difor får alle ungdomslag tilbod om å reise på Norway Cup kvart år. Det er også moglegheit for å delta på andre turneringar.

Sjå klubbhandbok og sportsplan for meir informasjon.