Handball i Seljord

Handball i Seljord Idrettslag

I Seljord har me ei aktiv handballgruppe som ynskjer å ha tilbod til både born og ungdom. Me ønskjer alltid nye spelarar velkomne, uansett ferdigheitsnivå, og oppmodar foreldre som har lyst til å bidra som trenarar eller støtteapparat om å ta kontakt. Hos oss er det plass til alle som vil vere med i eit inkluderande og utviklande miljø.

Om du, eller nokon du kjenner, har lyst til å prøve handball eller bidra som trenar, er det berre å ta kontakt med leiar i handballgruppa, Johannes Rindal (414 40 928 / johannes.rindal@gmail.com), eller sportsleg leiar Oddny Norgaard (971 76 925 / oddny7@msn.com).

Me ser fram til å høyre frå deg!